Øvingsoppgåve 1:
ARBEID MED DIGITALT TEKSTSKAPING I SKULEN
Nyare IKT-verktøy i skulen, fører til nyare og meir alternative måtar å arbeide med digital tekstskaping på. Vi kan dele inn metodar etter hypertekstforteljing, interaktivitet, eller multimedialitet. Eg vil sjå på døme frå skulerelaterte lenkjer angåande desse metodane, og vurdere om eg ville ha nytta desse metodane i mitt skulearbeid som læringsressurs.
Ein hypertekstforteljing har litt forskjellige utgangspunkt, men forløpet er at ein startar med eit "skjelett"- liknande framside, der elevane arbeider med linkar til forskjellige andre sider, med annan informasjon, til dømes som denne 6 klassen. Her er ei historie forma ved at starten er gitt på første internett-side, og deretter kjem valg i form av linkar til forskjellige fortsettelsar på historia. Eg kan sjå for meg at denne metoden kan godt integrerast i mange fag i skulen, og i mitt eige skulearbeid. Her kan elevane sjølve få skape mykje av arbeidet sjølve, og ikkje berre vere "brukarar" av eit ferdig produkt.
Interaktivitet i forhold til samanhengen mellom skule og internett, foregår ved at eleven skal vere interaktiv i møte med pedagogisk lærestoff. Eg "googlet" interaktivt lærestoff, og fant mange forskjellige pedagogiske resultater. Eg valgte å ta eit døme frå musikkundervisninga, og kikka på nettsida Lær deg noter - med Terjes notekurs. Her kan elevane først klikke på notar for å høyre ei akkord rekkje, og dermed interaktivt delta. Deretter reknar eg med dei må i praksis gå til eit instrument å prøve ut noterekkja, for å sjå om dette kan høyrest ut slik som på internettsida. Dette er sannsynlegvis spennande for elevane, sidan det er lignar ein del på data-spel, og desse er mange elevar interesserte i. Det blir som å spele eit spel, og leike seg til lærdom.
Multimedia innebærer å blande fleire media saman til ein ny heilheit. Eksempel på forskjellige media kan vere tekst, bilete, film, lyd, animasjonar, osv. Nettsida med Terjes notekurs er også eit døme på multimedia pedagogikk på internett. Her må bilde og lyd og interaksjon arbeide saman for å få resultat. Eg meinar at innanfor fagområda språk er det gunstig å supplere med interaktive multimedia nettsider, eller dataprogram. På ei av undervisningssidene til cappelendamm er det feks. engelsktrening, der det er viktig å både vere aktiv, sjå på bileta, og å høyre kva lyden seier. Både interaktivitet og multimedia, i forhold til internett og IKT, er relevante begrep for meg å integrere i min skulekvardag. Her finnast ein god del ferdiglaga lærestoff, som elevane kan bruke som supplement til fag, for å lage variasjon i klasseromkvaragen. Men også i forhold til det å skape, kreativitet og aktivitet, er her mogelegheiter for at elevane sjølve kan skape forskjellige multimedia arbeid.
___________________________________________________
Kjelder
Cappelendamm: http://stairs1-4.cappelendamm.no/c202173/artikkel/vis.html?tid=202232&strukt_tid=202173, lest 4 oktober 2010
Hypertekstforteljing for 6B: http://pluto.hive.no/pluto2003/hhaugest/norsk/hyptekst/6b/, lest 4 oktober 2010
Lær deg noter - med Terjes notekurs: http://noter.in/melodi/melodi1.html, lest 4 oktober 2010
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar