17. okt. 2010

Mediekultur i skulen

Kven sin mediekultur er framtredande i skulen, og kvifor er det slik? Elevane har sin eigen mediekultur, og blir denne integrert i skulen?

Mediekulturen blir og kalla "den paralelle skulen", når vi snakkar om barn og unge (Erstad 2005: 24). Dei forskjellige medie blir brukt av og til forskjellige føremål, og har endra seg mykje dei siste åra. Mediane er fortsatt i endring kvar dag. Media var sagt å ha eit mandat til folkeopplysning, men no har vorte mest styrt av kommersielle interesser og underholdning. Brukt på rette måten, vil media kunne støtte og supplere undervisning i skulen, som for eksempel integrerast som skuleavis ol. Internett kan for eksempel brukast som alternativ læringsarena, sosialt fellesskap og samarbeidsmuligheiter, og identitetsutvikling (Erstad 2005: 25).

Mesteparten av den sosiale arena som internett har å tilby, som e-post, chat, og sosiale medier (Facebook, Twitter ol), har vore sett på i skulen som noke negativt og forbode. Dette er ein stor del av barn og unge sin mediekultur og kvardag. Vi har altså eit klart skille mellom skule og fritid, og mellom kva som er skule-mediekultur og kva som er fritids-mediekultur. Eller vi kan kanskje kalle det skule-akseptert-mediekultur?

Motivasjon og eit meiningsfylt syn på læring og skulen er viktig for at det skal foregå læring, og kva som er skule-akseptert-mediekultur ser ut til å dreie seg om "holdninger" (Erstad 2005: 26). Det seiast å vere her eit skille mellom dei som er teknologientusiastiske, og dei som er teknologikritiske. Kva er då ok å snakke positivt om i dei akademiske sirklane? MSN? Facebook? Min oppfatning er at dette er ikkje regna som godkjende pedagogiske program, og at det ikkje skal brukast i skulen. På mange skular har dei stengt av PC for pålogging av mange av desse sosiale verktøya.

Burde voksenverda, skulen, foreldre, lærara osv, sette seg inn i barna sin mediekultur? Burde vi vite kva slags mediekultur som betyr noke for dei, og forstå kvifor? Sjølv om vi ikkje er enige? Er det mogeleg å integrere noke av barn og unge sin mediekultur i skulen, kanskje for å tette litt gapet mellom digital-skulekvardag og digital-fritid?

 I artikkelen Skolens møte med den digitale mediekulturen, er mange av disse spørsmålene diskutert av Øyvind Solstad, tidligere redaktør i NRKBeta.no. Han møter utdanningssektoren og den akademiske sirkelen med klare, og kanskje for noken provoserende, budskap:

Sosiale medier er kommet for å bli - også i skolen.

Videre mener Solstad at vi må sette fokus på barns kommunikasjon og på selve samtalen, og kanskje "skolen burde ta den nye mediekulturen på alvor" (Vidnes 2010). Vi som voksenverda burde tørre å bli ein del av barn og unge sin mediekultur, også når det gjeld skulen sin læringsarena. I staden for å forby, burde vi sette oss inn i kva det dreiar seg om, og sjå på muligheitene for å bruke det til pedagogisk føremål.

______________________________________________
Erstad, Ola: Digital kompetanse i skolen, Universitetsforlaget 2005
Vidnes, Christel: Skolens møte med den digitale mediekulturen, Skolemagasinet 2010, http://www.skolemagasinet.no/sm/artikler/52-skolens-mote-med-den-sosiale-mediekulturen.html, (lest 17 oktober 2010). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar