17. okt. 2010

Bilderedigering - "back to basics"

For å lære barn å ta bilete, og utføre bilderedigering, treng ein digitalt utstyr, ein viss del fotokompetanse, og ein dose tolmod. Eg ser føre meg bilderedigering på aldersnivå, og derfor treng det ikkje vere altfor avansert for til dømes 1 og 2 klasse. Eg har ikkje hatt gleda av å prøve ut eit slikt undervisningsopplegg endå, men eg kan sjå føre meg mange hypotetiske situasjonar, der eg kunne ha hatt nytte av bilete og bilderedigering i mi undervisning. Eg kan også tenkje meg at dette kan nyttast innafor mange fag og emne.

Det finnast fleire gratis bilderedigeringsprogram, og dette likar vi. Det betyr at sjølv om ein ikkje har midlar til å shoppe dei dyre programvarene, så blir ein likevel hjelpte. Eg kan og sjå føre meg at dei dyraste programvarene er litt vel avanserte for dei yngste elevane. Her kan det vere ein fordel med enkelt og greit. Men til ettertanke, så brukast det ein del avanserte programvare i vidaregåande skule, og då kunne det vere ein fordel å ha introdusert noken av desse i ungdomsskulen. Ein kan til dømes laste ned demo versjonar av mange fancy programvare, og bruke dei gratis i ein månad. Det er ikkje mykje, men dersom ein set av litt tid, så kan ein i alle fall få ein slags introduksjon. Eg ser føre meg eit prosjektarbeid på våren i 10 klasse.

PICASA
I sammenheng med arbeidet med GoogleDocs, har eg og prøva ut Picasa, som er eit todelt program. Eit er nettbasert med tilknytning til din Google konto, og eit kan ein laste ned (gratis) til sin PC. Den nettbaserte versjonen er som eit album der ein kan laste opp bileta sine, og eventuelt dele dei med alle, eller noken. Her foregår redigeringa som ein kobling til eit anna program, PICNIK, som let ein foreta enkle endringar på bileta sine. Dette kan barna klare. Dersom ein lastar ned Picasa, kan ein gjere redigeringa på PC, så laste opp bilda for deling på nett etterpå. Her trengs det kanskje ein god del lærarveiledning, slik at ein delar det som ein hadde tenkt å dele.

KVEN SKAL SJÅ BILETA MINE??
Her er det også viktig å tenkje på kvar bileta skal vere, kven som skal sjå dei, og korleis reglane er for bildedeling på skulen. Kanskje sprøsmålet burde vere: kven skal sjå bilete av meg? Kanskje treng vi foreldretillatelse? Dette er viktig for lærarane å setje seg inn i, og ikkje minst, for elevane å setje seg inn i. Her må også lærar ha oversikta, slik at bileta som blir lagt ut på nett i skuletida, er kontrollerte, og at barna som eventuelt er på bileta, har godkjent dette.


Her er eg logget inn i Picasa, og har funnet meg eit bilete å redigere. Eg klikkar på redigeringsknappen, og vips så blir bilete mitt sendt til Picnik. (Her må ein ha litt tolmod). Her kan ein utføre veldig enkle redigeringar, men eg meiner for små barn, er det tilstrekkelig med ting ein kan utføre i første omgang. 




Sånn ser det ut når bilete er kome vel fram i Picnik. Så vil eg prøve ut knappane ovanfor bilete og foreta noken enkle redigeringar. 

Her auka eg kontrasten.




Så valgte eg å beskjere bildet. 


Ein kan justere fargen til nesten eller heilt svart kvitt. 


Eller forsterke fargane ein heil del. Her er nok for nybegynnara å bryne seg på meinar eg. Det er sjølvsagt begrensningar, og noken elevar har kanskje anledning å gjere meir avanserte ting heime, men i småskulen meinar eg vi må tenkje "back to basics". Eg ser føre meg at elevane også vil gjerne dra i justeringsspakane heilt til ytterpunkta, og då kan ein faktisk få til spennande, nesten abstrakte bilete. 


No er eg fornøgd med bilete mitt, og sender det tilbake til Picasa ved å klikke på "Legg til mitt album", og her velger eg også å lage ein kopi av bilete. Då beheld eg originalen, i tilfelle eg angra seinare. Tilbake i Picasa, velger eg om eg vil dele dette bilete, og med kven. Eg kan legge det ut i Picasa som offentleg album for heile verda å sjå, eller eg kan sende det på mail til vennar og kjende. 

______________________________________________________________



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar