29. nov. 2010

Digitalt Læringsmiljø og LMS

Kan variert og pedagogisk bruk av digital læringsplattform (LMS) auke elevane sin digitale kompetanse og føre til at skulane får eit bedre digitalt læringsmiljø?


Læreplanen Kunnskapsløftet innførte ein ny femte grunnleggande ferdigheit; elevane skal kunne bruke digitale verktøy (LK06). Dette krever at skulane må innføre eit digitalt læringsmiljø, og dermed må ting endrast. Eit digitalt læringsmiljø krever at skulen blir ein digitalt kompetent skule. Erstad har gitt betingelsar for kva som kjennetegnar ein digitalt kompetent skule, og som er fletta inn i kvarandre, og verkar inn på kvarandre:
  • optimal infrastruktur
  • helhetlig strategiarbeid hos ledelsen
  • visjonære styringsdokumenter
  • innovative digitale læringsressurser
  • Elever som aktive kunnskapsprodusenter
  • Læreres kompetanse i pedagogisk bruk av IKT
  • Fleksible rammevilkår og læringsmiljø (Erstad 2010:175)

LMS (Learning Managment System) er kalla digital læringsplattform på norsk, og er ein samlebetegnelse på ulike system som kan organisere prosessar rundt læring, og kan kallast for eit elektronisk klasserom, der lærarar og elevar går inn på ei nettside, logga seg på med brukarnamn og passord, og får tilgang til desse klasseromma (ITU 2009). LMS blir brukt i dei fleste skular, men mest til administrative oppgåver, som blant anna utarbeiding av vekeplanar, elektronisk innlevering av oppgåver, og felles meldingssystem. Korleis bruke LMS til meir pedagogisk og innovative arbeidsformer er ikkje så utbreidd. Bruken av LMS kan gi nye og spennande muligheiter for kommunikasjon, interaksjon og publikasjon, og dermed tilrettelegge for fleire ulike typer læring. Her er det gode muligheiter for "samarbeid og større fleksibilitet ved at elever og lærere har tilgang til informasjon og elevarbeid uavhengig av tid og sted" (ITU 2009).

Digital mappemetodikk er eit døme på korleis LMS kan brukast på ein måte som kan fremje digital kompetanse. Her er det også viktig å tenkje på at ein tek skulens læringssyn og pedagogikk som utgangspunkt, og at teknologien ikkje bør vere i fokus, men synet på læring og kunnskapsdanning. Då vil bruk av LMS, som pedagogisk verktøy, vere med på å skape nye arenaer for læring og auka digital kompetanse. 
Ved å ta i bruk digital mappemetodikk, vil LMS-en kunne koble elevens arbeid sammen med andre elevers arbeid og kommentarer, lærerens kommentarer og oppgaver, samt gi foreldrene mulighet til å få bedre innsyn i elevenes arbeidsprosess (ITU 2009)


Vi kan sjå på bruken av digitale mapper i eit sosiokulturelt læringsperspektiv, som seier at kunnskapsbygging skjer som ein gruppeprosess, men dersom ein ser på Vygotskys pedagogikk, inkluderar den både individuelt og sosialt perspektiv på læring, men at den sosiale læringa kjem før den individuelle (Imsen 2005:330). Poenget med digitale mapper er at ein kan for eksepmel dele inn elevane sitt arbeid i to mapper, ei arbeidsmappe og ei presentasjonsmappe for dei ferdige produkta:
Digitalt innhold gir  da rike muligheter for å lage og følge opp ulike versjoner av et arbeid, bruk av multimedia, strukturere kommentarer fra elevgrupper, samt evalueringssesjoner der både lærere og foreldre i sterkere grad inntar rollen sin som publikum, og eleven styrer samtalen gjennom å vise frem den elektroniske mappen sin (ITU 2009)

Forskning viser at digitale mapper er i ei utviklingsfase, og sjølv om ein veit om mange fordelar (til dømes auka motivasjon og eigarskap i læringsprosessane), er det fremdeles utfordringar å ta tak i, men det er ikkje tvil om at det ligg eit stort utviklingspotensialet i bruken av digitale mapper som pedagogisk IKT-verkemiddel (Digitale mapper og konsekvenser for høgare utdanning). Konklusjonen er at vi er i ein utviklingsfase, der vi må prøve å kombinere det beste frå den digitale læringskulturen og frå den analoge tradisjonen med direkte læringsmøter, dialoger og konkret praktisk veiledning. Her har ein ikkje funne ein konkret og generell fasit, men ein må vurdere enkelt situasjonar på ein faglig og kontekstuell måte. 

Utfordringen her er at vi her bruker det digitale verktøyet til tradisjonelle oppgaver...(om studentenes læring, tatt fra rapporten Digitale mapper og konsekvenser for høgare utdanning)





                   

________________________________________________________________
Erstad, Ola: Digital kompetanse i skolen, Universitetsforlaget 2010
Imsen, Gunn: Elevens verden, Universitetsforlaget 2005
Rimmereide, Madsen, Husøy, Gjøvik, Ekker: Digitale mapper og konsekvenser for høgare utdanning, Nettverksuniversitetet
Utdanningsdirektoratet: Kunnskapsløftet 2006









 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar