Øvingsoppgåve 2
IKT-UTSTYR: GRATIS, BILLIG ELLER DYRT?
Kva slags utstyr skulle ein velge å bruke i DKL studiet; gratis, billig eller dyrt?
For meg er nytteverdien kva som direkte kan overførast til skulen, sidan det er der eg skal bruke det eg lærer i DKL. Det er vel ein generell einigheit om at skulen, grunnskulen spesielt, ikkje har midlar til å spandere for mykje IKT-utstyr, verken hardware eller software. Då er det nyttig for meg å finne alternative løysingar på IKT-undervisning, som ikkje nødvendigvis kostar mykje pengar. Derfor er det bra at vi på DKL får lære å bruke, og å finne, alternative, gratis, og rimeligare alternativ for IKT-utstyr, som vi kan overføre til skulen. Her tenkjer eg også på aldersgruppene som utstyret skal anvendast, og då nyttar det nødvendigvis ikkje å starte med for avansert og dyrt utstyr. På hardware sida må ein nødvendigvis betale litt for uansett, men om det finnast gratis og billigare software alternativ, så er dette vegen å gå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar