29. nov. 2010

Pepperkaker og regneark

Nam, nam...

No i disse juletider skal vi lage Pepperkaker, eller så burde vi i alle fall det. :) Enten vi har Mat og Helse, eller berre skal lage juleverkstad, så skal vi her i bloggen lage Pepperkaker. Eg brukar mi eiga oppskrift, for eg synest den er best! Elevane i 4 klasse skal lage deig nok til heile skulen, og får i oppgåve å rekne ut kor mykje vi treng av kvar ingrediens. Her skal vi ikkje vere for avanserte, men kun doble ingrediensane. Denne oppgåva skal utførast ved hjelp av regneark, og kan brukast til å rekne ut andre måltid. Eg tenkjer meg at ei original oppskrift er nok til 10 elevar, og tenkjer meg at elevane skal lage deig til 80 elevar. Me delar 4 klasse inn i 4 grupper, slik at kvar gruppe kun trenger å doble oppskrifta ein gong. Då skulle me få nok deig til 80 elevar, og lærar skulle også kanskje ha ein ekstra deig på lur; ein veit aldri!


I timen vil eg forklare regneark formelen for elevane for å doble original oppskrifta. Eg har vald å bruke Google Docs til å lage regnearket. Google Docs Spreadsheets er eit gratis nettbasert program, som let deg opprette, lagre og dele dokument på Internett. Programma startast frå ei nettside som åpnar seg når ein har oppretta ein konto, og dokumenta kan lagrast i dei fleste format (som til dømes Word-, Excel, og Open Office format).



Her har eg lagt inn oppskrifta på regnearket, og gitt eit døme på doblinga i øverste ruta. Formelen lærer elevane i timen; =A5*2. Då blir 200 multiplisert med 2, og dermed dobla. Elevane kan arbeide med regnearket på skulen, eller ein kan legge inn oppgåva i LMS. 


I Kunnskapsløftet sin del om grunnleggjande ferdigheiter i mat og helse finner vi blant anna at; elevane skal kunne rekne i praktisk arbeid med oppskrifter, og kunne bruke digitale verktøy til å presentere fagleg innhald. Vidare finn vi at etter 4 trinn i faget mat og helse, skal elevane kunne:


  • bruke mål og vekt i samband med oppskrifter og matlaging
  • undersøkje ulike matvarer med tanke på smaksopplevingar
  • gjere sitt til trivsel i samband med måltida
  • planleggje og gjennomføre ein fest i lag med andre i samband med ei høgtid eller ei anna markering (LK06)



______________________________________
Utdanningsdirektoratet: Læreplanen Kunnskapsløftet 2006
Skolenettet.no:IKT i skolen
Wikipedia; bilder, http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Freshly_baked_gingerbread_-_Christmas_2004.jpg

1 kommentar: